Velkommen til dåp

Velkommen til dåp

Å døype eit barn er å la barnet få ei gåve frå Gud samstundes som vi overlet den vesle i Guds hender.

Kyrkja, fadrane og foreldrene tek saman på seg oppgåva å syta for at barnet lærer den kristne tru å kjenna når det veks opp. 
 
Dåp i kyrkjelydane i Vestnes: Dersom ein eller begge foreldra er medlem i kyrkja, får dei invitasjon til dåp ei tid etter at barnet er fødd. Dåpen meldast inn til kyrkjekontoret der foreldra bur, og ein gjer avtale om ein søndag det er dåp. Presten gjer avtale om ein samtale med dåpsforeldra ei tid før dåpen. Dette gjeld også dersom barnet skal døypast i anna kyrkje. Ein må då i tillegg gjere avtale med denne kyrkja.
Til samtalen må ein ha med fødselsattest. Ein må ha minimum 2 og maksimum 6 faddarar.


Del denne artikkel på e-post