Sorgarbeid og gravferd i Vestnes

Sorgarbeid og gravferd i Vestnes

Når det har vore dødsfall i familien, er det mange spørsmål som melder seg når det gjeld gravferd. Her vil vi seie litt om dei mest vanlege spørsmåla.

Gravferd og stell av graver

Stad
Gravferda skjer til vanleg i det soknet der den som er død, var busett. Det kan og skje der den som syter for gravferda er busett, dersom det er meir tenleg. Dersom ein ynskjer gravferd frå ei anna kyrkje, må ein sjølv eller gravferdsbyrået ta kontakt med kyrkjekontoret på staden og gjere avtale om det. Dei har ikkje plikt til å ta seg av gravferder frå andre stader, men vil som regel gjere det om dei har høve. Det må då godtgjerast etter fastsette takster.

Tid for gravferd
Gravferd vil normalt skje innan 8 dagar etter dødsfallet. Dag og tidspunkt for gravferda er det kyrkjeverja i Vestnes som koordinerer og fastsett. Det vert handsama innafor vanleg kontortid.

Telefon: 71 18 42 32 / 71 18 42 35
 
Prest
Prestane i Vestnes har kvar sine tenesteveker der dei utfører kyrkjelege handlingar. Presten vil ta kontakt med dei pårørande når han har fått melding om gravferda og gjere avtale om ei vitjing, gjerne i heimen. Då vil presten gjerne høyre litt om livslaupet og ein vil samtale om korleis gravferda skal gå føre seg, om kransepåleggjing, evt. minneord frå familien og andre innslag. Tekstar ein ynskjer å nytta skal godkjennast av presten og musikken av kantor.

Dersom det er ynskje om å få raskt kontakt med presten, kan ein ringe kyrkjekontoret: 71 18 42 32.

Det er ei vaktordning for prestane når det gjeld tenester som ikkje kan vente til vanleg kontortid, t.d. varsling om dødsfall, soknebod o.l. Vakthavande prest har vakt kl. 17.00 - 08.00, og kan kontaktast på telefon 71 22 22 00.
Ordninga omfattar prestane i hele prostiet, ikkje berre i Vestnes.Gravferdsbyråa i Vestnes: Dei fleste vel å gjere bruk av eit gravferdsbyrå. Det gjev god hjelp til mange gjeremål i samband med gravferda. Ein gjer avtale om kva slag tenester dei skal yta og kva ein ynskjer å gjera sjølv.

I Vestneser det to gravferdsbyrå:

Vestnes Begravelsesbyrå (Tlf.: 71 18 91 90 / 909 29 817) 
 
Rekdal Blomster og Gravferdsbyrå AS (Tlf.: 70 21 38 80 / 916 68 188) 


Del denne artikkel på e-post