Tresfjord kyrkje

Tresfjord kyrkje

Tresfjord kyrkje
Tresfjord kyrkje frå 1828 er den eldste kyrkja i kommunen og er ei åttekantkyrkje i tømmer. Arkitekt for Tresfjordkyrkja var Erik Kroken. Kyrkja er rikt dekorert og mykje av kyrkjeinteriøret er frå 1600-talet.

Kyrkjerommet er tempeltelt-prega ved at takkvelvingen er dekorert med blåe stjerner, og ved dei fire kronstavane som ber kyrkja. Antemensalet frå 1300-talet er eit av dei best bevarte i landet. Interiøret i kyrkja vart restaurert til hundreårsjubileet i 1928.
Kyrkja vart restaurert i 2006/2007


Del denne artikkel på e-post