Vestnes kyrkje- Vår grøne kyrkjelyd

Vestnes kyrkje- Vår grøne kyrkjelyd

Vår grøne kyrkjelyd.

Grunnlagsdokument for Vestnes kyrkjelyd

(for å kunne kalle seg grøn kyrkjelyd må ein ha minimum 25 tiltak som ein forplikte seg til å gjennomføre)

 

FORANKRING I KYRKJELYDEN:  

1. Vi vil forankre miljø- og rettferdsengasjementet vårt i planane og årsmeldingane til kyrkjelyden.

2. Vi vil setje ned ei grøn ansvarsgruppe i kyrkjelyden.

 

GUDSTENESTELIV:

3. Vi vil feire skaparverkdagen og andre gudstenester i undring og takksemd over skaparverket.

4. Vi vil arrangere gudstenester i friluft.

5. Vi vil feire nord-sør søndagen og andre gudstenester med å setje søkjelyset på nestekjærleiken til dei som er ramma  av klimaendringane og følgjene av forbruket vårt.

6. Vi vil ta inn miljø-,forbruks-og rettferdsperspektivet i bøner, liturgi, song- og  salmeval, der det er naturleg.

7. Vi vil samle inn pengar til eit grønt prosjekt eller ein miljøorganisasjon, t.d. Kyrkjas Naudhjelp eller ein misjonsorganisasjon.

 

DIAKONI, UNDERVISNING OG MISJON:

8.  Vi vil integrere miljø-, forbruks- og rettferdsperspektivet i undervisning, trusopplæring og barne - og ungdomsarbeid.

9.  Vi vil innarbeide vern om skaparverket og kampen for rettferd i diakoniplanen vår.

10.Vi vil delta i fasteaksjonen til KN og syte for å ha ei KN-kontakt i kyrkjelyden.

 

INFORMASJON OG SAMARBEID:

11. Vi vil leggje fram stoff om miljø, klima, forbruk og rettferd i  informasjonskanalen til kyrkjelyden.

12. Vi vil utfordre butikkane i nærmiljøet vårt til å selje og profilere Fairtrade-merka, økologiske og svanemerka varer.

 

INNKJØP, FORBRUK OG AVFALL:

13.Vi vil vera kritiske til å bruke eingongsprodukt ved traktering / kyrkjekaffe.

14.Vi vil bruke Fairtrade-merka produkt.

15.Vi vil velje miljømerka produkt.

16.Vi vil unngå å bruke reingjerings- og  sprøytemiddel som inneheld miljøgifter.

17.Vi vil bruke mindre mengder papir.

18.Vi vil sortere avfall til resirkulering og kompostering og spesialavfall til godkjent bruk.

 

ENERGI, TRANSPORT OG REISE:

19.Vi vil samarbeide med fellesrådet om energibruk og enøktiltak i kyrkjene våre og i andre bygningar.

20.Vi vil bruke sparepærer / ledlys  og  sløkkje lys i rom som ikkje vert brukt.

21.Vi vil senke temperaturen når det ikkje er folk i kyrkja.

22.Vi vil leggje til rette for sykkelparkering ved kyrkja og kyrkjekontor

 

EIGNE TILTAK:

23.Vi vil kopiere på begge sider av arket.

24.Vi vil skru av PC-en når vi går for dagen.

25.Vi vil fylle oppvaskmaskina .


Del denne artikkel på e-post