Månadens grøne tips!

Månadens grøne tips!

Kva mat er best for miljøet?

Matproduksjon påvirker miljøet. Landbruket står for omtrent  70% av vatnforbruket i verda. Meir enn ein tredel av alt landareal i verda brukast til matproduksjon. Jordbruket står for mellom 19 og 29% av dei globale menneskeskapte klimautslippa.

Kva matvarar er best?

Grønsakar og frukt kjem bra ut, medan kjøt stort sett kjem dårleg ut. Kjøtproduksjonen gjev som hovudregel større klimagassutslepp, krev meir jordbruksareal ( på grunn av fórdyrking) og treng meir vatn enn plantekost. Viltfanga sjømat gjer det bra i miljørekneskapen. Sild og makrell kjem særskild bra ut. Dette fordi sild og makrell fiske er mindre energikrevjande enn anna fiske.

Sild, blomkål, brokkoli, hodekål, kinakål, løk, gulrot, poteter og salat kjem aller best ut i rekneskapen. Torsk, sei, epler, jordbær (norske), banan, kiwi, vannmelon, druer, reker, brød, agurk og tomater ++ kjem bra ut i miljørekneskapen. Produkter som ikkje er bra er blant anna smør, gulost, fårekjøt og storfekjøt. For ei meir utfyllande liste sjå www. framtiden i våre hender.no


Del denne artikkel på e-post