Vestnes kyrkjelege fellesråd > Artikler > Nyheter
Grøn gåveinnpakning

Grøn gåveinnpakning

Bruk minst mogleg gåvepapir

Kvar jul bruker vi i Noreg 60 000 km med gåvepapir. Papirproduksjon er ikkje det mest miljøvenlege….. Det genererer auka tømmerhogst, transport av tømmer, produksjon i papirfabrikken, farging og anna spesialbehandling av papiret som ikkje er bra for miljøet. Minimalistisk gåveinnpakning er difor ein god ting 

Bruk det du har 

Fint gåvepapir kan takast vare på og brukast om igjen. Nøytrale esker, papirposar og gråpapir, med litt kreativ dekor, kan bli ei personleg og fin gåveinnpakning. Pappesker med trykk på kan vrengast og så dekorerast. Stoff restar og gamle gardiner kan bli til stoffposar som gåvene kan leggjast i. 

Gåvepapir som kan gjenvinnast 

Vel kraftpapir eller gåvepapir som er merka med at det kan resirkulerast. Vel og gjerne gåveband av papir som kan resirkulerast. 

Gråpapir er restavfall 

Billig, tynt gåvepapir inneheld så mykje fargestoff og leire, og så lite fiber at det eigne seg dårleg for resirkulering. Kast det difor i restavfallet. Gråpapir er som vanleg papir og kan resirkulerast. 

 

Kilde: Framtiden i våre hender

      

 

 

 


Del denne artikkel på e-post