Vår grøne kyrkjelyd.
Grunnlagsdokument for Vestnes kyrkjelyd
(for å kunne kalle seg grøn kyrkjelyd må ein ha minimum 25 tiltak som ein forplikte seg til å gjennomføre)
FORANKRING I KYRKJELYDEN:
1. Vi vil forankre miljø- og rettferdsengasjementet vårt i planane og årsmeldingane til kyrkjelyden.
2. Vi vil setje ned ei grøn ansvarsgruppe i kyrkjelyden.
GUDSTENESTELIV:
3. Vi vil feire skaparverkdagen og andre gudstenester i undring og takksemd over skaparverket.
4. Vi vil arrangere gudstenester i friluft.
5. Vi vil feire nord-sør søndagen og andre gudstenester med å setje søkjelyset på nestekjærleiken til dei som er ramma av klimaendringane og følgjene av forbruket vårt.
6. Vi vil ta inn miljø-,forbruks-og rettferdsperspektivet i bøner, liturgi, song- og salmeval, der det er naturleg.
7. Vi vil samle inn pengar til eit grønt prosjekt eller ein miljøorganisasjon, t.d. Kyrkjas Naudhjelp eller ein misjonsorganisasjon.
DIAKONI, UNDERVISNING OG MISJON:
8. Vi vil integrere miljø-, forbruks- og rettferdsperspektivet i undervisning, trusopplæring og barne - og ungdomsarbeid.
9. Vi vil innarbeide vern om skaparverket og kampen for rettferd i diakoniplanen vår.
10.Vi vil delta i fasteaksjonen til KN og syte for å ha ei KN-kontakt i kyrkjelyden.
INFORMASJON OG SAMARBEID:
11. Vi vil leggje fram stoff om miljø, klima, forbruk og rettferd i informasjonskanalen til kyrkjelyden.
12. Vi vil utfordre butikkane i nærmiljøet vårt til å selje og profilere Fairtrade-merka, økologiske og svanemerka varer.
INNKJØP, FORBRUK OG AVFALL:
13.Vi vil vera kritiske til å bruke eingongsprodukt ved traktering / kyrkjekaffe.
14.Vi vil bruke Fairtrade-merka produkt.
15.Vi vil velje miljømerka produkt.
16.Vi vil unngå å bruke reingjerings- og sprøytemiddel som inneheld miljøgifter.
17.Vi vil bruke mindre mengder papir.
18.Vi vil sortere avfall til resirkulering og kompostering og spesialavfall til godkjent bruk.
ENERGI, TRANSPORT OG REISE:
19.Vi vil samarbeide med fellesrådet om energibruk og enøktiltak i kyrkjene våre og i andre bygningar.
20.Vi vil bruke sparepærer / ledlys og sløkkje lys i rom som ikkje vert brukt.
21.Vi vil senke temperaturen når det ikkje er folk i kyrkja.
22.Vi vil leggje til rette for sykkelparkering ved kyrkja og kyrkjekontor
EIGNE TILTAK:
23.Vi vil kopiere på begge sider av arket.
24.Vi vil skru av PC-en når vi går for dagen.
25.Vi vil fylle oppvaskmaskina .