Kva er trusopplæring?
Dåp og opplæring høyrer saman. Når eit barn blir døypt må det få lov til å bli kjent med kyrkja og den kristne trua.
Tidlegare føregjekk mykje av dåpsopplæringa/trusopplæringa i skulen, men RLE-faget er ikkje lenger kyrkja si dåpsopplæring. Kyrkja har no utarbeida si eiga trusopplæring. Alle døypte barn skal i alderen 0-18 år får tilbod om trusopplæring frå kyrkjelyden sin . I Vestnes vil det seie at alle døypte barn får invitasjon til å delta på utdelinger eller arrangement der materiell og undervisning blir tilrettelagt for dei ulike alderstrinna.Foreldre og barn vil blant anna få tilbod om å delta på Babysang, gudstenester tilrettelagt for barn og andre arrangement heilt fram til barnet er 18 år. For barn i skulealder og ungdom, blir det tilsvarande opplegg. Kyrkja vil legge til rette for at alle døpte barn skal få oppleve, lære og erfare og kjenne at de høyrer til i kyrkja og i kyrkjelyden.
Trusopplæringa sitt hovedmål for alle sokna i Vestnes kommune:
Gje barna høve til å veksa opp i den kristne tru ved å gje inspirasjon til læring.
Vere med og gi barn og unge ei sterk og god tilknyting til kyrkja der dei høyrer til.
At dei opplever å ha ein heim i kyrkja, bli kjent med Bibelens forteljingar og kjent med Jesus; kven han var og er og kva han gjorde.
Følg med på det som skjer i Trusopplæringa
Gå inn og Lik sida vår på facebook.
Du kan trykkja her for å komma til vår facebookside.