Fiksdal kyrkje er ein langkyrke frå 1866.
Byggverket er i tre og har 200 plassar. Preikestolen og altertavla er frå gamle Reknes hospital. Altertavla er måla av Peter Lippert frå Sverige.
Kyrkjesoknet vart oppretta i 1866 då det vart utskilt frå Vestnes #sokn.
Kyrkja vart påtend den 15. juni 2016, men brannen vart sløkt før kyrkja vart overtend.
Kyrkjegarden er frå 1866 og neste alle gravminne er bevarte, og viser tydeleg dei vekslande motane for gravminne.
Ein kyrkjestall frå omtrent 1914 for kirkegjengerene frå Gjelsten er flytta frå sin originale plass og står no står ved kyrkja. Det var også ein stall for kyrkegjengerne frå Rekdal. Stallane var i bruk til omtrent 1950.
Ein bautastein over 15 soldatar som deltok i Napoleonskrigene 1807 - 1814 er reiste ved kyrkja.