T: Ander Vassbotn 1892 M: Per Steenberg 1923
Atle Astrup, soknerådsleiar i Vågstranda har valgt denne salmen, som er ei mottvekt mot mykje som ikkje er heilt greit i samfunnet i dag.
Å leva, det er å elska
det beste di sjel fekk nå;
Å leva, det er i arbeid
mot rikare mål å trå.
Å leva, det er i livet
å finna det største verd;
å leva det er å vinna
til sanning i all si ferd.
Å leva, det er å leggja
all urett og lygn i grav;
å leva, det er som havet
å spegla Guds himmel av.