Adventskonsert i Vike kyrkje


søndag 12. desember kl 17. 

 

I år blir det ein ekstra variert konsert med flotte aktørar: Stephanie Lippert og Hallvar Djupvik, Den Lille Messingfabrikken, Vestnes og Daugstad/Vike skulekorps.

Det ligg an til ei flott ettermiddagsstund i kyrkja i førjulstida, saman med gode songarar og korpsmusikarar. Stephanie og Hallvar er begge operasongarar, men er svært allsidige, med eit variert repertoar. Stephanie er svensk, så kanskje vil ho framføre ein eller fleire av dei fine svenske julesongane ho har vakse opp med?  

Korpsmusikarane er også veldig gode. Den Lille Messingfabrikken og Vestnes og Daugstad/Vike skulekorps har gjort det svært godt i konkurransar, både som grupper og solomusikarar. VDV skulekorps tok 1.plass i 2.divisjon janitsjar i korps-NM sist sommar! Vi gler oss til å ha dei med på konserten.

Som de ser vil vi få høyre mykje god song og musikk, men vi skal også få tid til litt allsong, der vi kan synge med på kjære og kjente julesongar.

Velkomen i kyrkja, - garantert god førjulsstemning!  Gratis inngang, kollekt.

Tilbake