Bilde: Kvinne som stemmer digitalt med telefonen og ein person som stemmer ved å legge stemmeseddel i urna.
Ved Kyrkjevalet 2023 skal det veljast medlemmar til dei 5 sokneråda våre og til bispedømerådet. Valet finn stad 11.september 2023.
Stemmestadene og tidspunkt for kyrkjevalet i kommunen vil vere dei same som for kommunestyrevalet.
Førehandsrøysting: Det vil vere anledning til å førehandsrøyste på kyrkjekontoret i perioden 10.august til 8. september. Opningstidene er måndag - torsdag kl 09.00 til 15.00. I år kan ein også førehandsrøyste digitalt i perioden 10.august til 6.september ved å gå inn på heimesida kyrkjevalet.no. For å kunne førehandsrøyste digitalt må du ha BankID.