Utegudsteneste


Søndag 17. mars kl 14: Gapahuk-gudsteneste på Barlindhaugsætra kl 14.00

Bilde: Gapahuken på Barlindsætra

Komande søndag skjer det noko historisk: Den første gudstenesta i den flotte gapahuken på Barlindhaugsætra, skal arrangerast på ettermiddag kl 14. Gapahuken står like ved skiløypa rundt Svartløkvatnet, om lag ein times tur opp frå Fylling. Ein kan også kome til Barlindhaugsætra anten frå Tomrefjordsida, ellerfrå parkeringa på Braute eller frå Ørskogfjellet.   

Skiløypa rundt Svartløkvatnet er eit felles utfartsområde for Vestnes og heile nordre Sunnmøre. Dei medverkande i gudstenesta kjem også frå tre ulike sokn: Vestnes, Skodje og Vatne. Marius Berglund står for musikken, på toradar. Vikarprest i Vestnes Per Inge Vik talar og leier gudstenesta, og sokneprest i Vatne, Karl Johan Bjørge tek del med solosong. Etter gudstenesta blir det informasjon om Barlindhaugsætra ved Bjørn Nedreskodje. 

Denne søndagen kallast Maria Bodskapsdag, og minner oss om at det er ca 9 månader til jul. Fargen er ikkje fiolett, slik som dei andre søndagane no i fastetida, men festfargen kvit. Teksten er om ungjenta Maria i Nasaret som fekk besøk av engelen Gabriel, med beskjed om at ho skulle bli mor. Ta gjerne med sitjeunderlag, niste og termos, og ver velkomne til årets første utegudsteneste!

Per Inge Vik

Tilbake