Temakveld i Vestnes kyrkje


«Eg har no barnetrua mi»

Temakveld i Vestnes Kyrkje onsdag 11.sept. Kl 19.

Sokneprest Ann Kristin Langeland vil halde innlegg og reflektere over emnet barnetru.

Det blir høve til spørsmål/samtale. Enkel bevertning.
Alle er velkomne!

Arr. Vestnes sokneråd/v undervisningsutvalet

Bilde: Vestnes kyrkje

Temakveld om «BARNETRU»

Ann Kristin Langeland er født og oppvaksen på Hellesylt. Ho har i mange år jobba i administrative stillingar i kyrkja i Bergensområdet. I 2009 flytta ho heim, tok over farsgarden og fekk jobb som rådmann i Stranda. Seinare ha ho hatt  rådmannsstilling i Hornindal, og etter kommunesamanslåing vart ho assisterande rådmann i Volda.

I 2021 sa ho opp den kommunale jobben  og byrja då som prest under utdanning i Stordal og Sunnylven (Hellesylt). Våren 2023 tok ho avsluttande eksamen og vart vigsla til prest i august 23. Ho vart då sokneprest i Sunnylven og Stordal.

Langeland beskriv sjølv korleis ho ser på presterolla og emnet «barnetru»: 

«Det er fantastisk å vere prest i bygdene, her får eg lov til å kome tett på menneska både i glede og sorg, i kvardag og fest. Det er ei spesiell oppleving å få lov til å gå nokre steg på trusvegen saman med både liten og stor.

Som prest har eg samtale med mange menneske i ulike situasjonar i livet. Når vi kjem inn på tema om tru, så blir dei fort beskjedne. Det synes som om det er vanskeleg å setje ord på det som handlar om tru, men nesten alltid så kjem det fram; «Eg har no barnetrua mi». Dette har gjort meg nysgjerrig på kva det er med denne barnetrua. Kvar kjem den frå, kva innhald er det i den. Kva er det med barnetrua som gjer at den lever i mennesket gjennom eit langt liv, og har barnetrua vore nok til å møte utfordringar og vanskar i livet? Dette er tema som eg har fått lov til å snakke med fjordafolket om, og dei har gjeve ærlege og fine svar. Vidare vert eg i desse samtalane ofte møtt med spørsmål tilbake; er barnetrua nok, er den god nok? Dette er noko av det eg ynskjer å snakke om på temakvelden. I tillegg vil eg tenkje litt høgt rundt framtida til barnetrua. 

Vi trur dette vert ein interessant og fin kveld i kyrkja og håper mange vil kome.

Undervisningsutvalet v Jorunn B.Fjeldheim

Tilbake