Vestnes kyrkjelege fellesråd søkjer ny kyrkjeverje i 100% stilling frå 1.juli 2025
Vestnes kyrkjelege fellesråd omfattar dei 5 sokna i Vestnes kommune med om lag 7000 innbyggarar. Kommunen ligg sentralt i Møre og Romsdal mellom Molde og Ålesund.
Kvalifikasjonskrav til stillinga:
- Relevant utdanning på høgskulenivå.
Særleg relevant realkompetanse kan i noko grad kompensere for manglande formell utdanning.
- Erfaring med personalleiing, administrasjon, planarbeid, økonomistyring og rekneskap.
- Gode digitale ferdigheiter.
- God formuleringsevne både skriftleg og munnleg.
- Medlemskap i Den norske kyrkja.
Søkjer må disponere eigen bil.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg leiing av fellesrådet si verksemd og sekretærfunksjon for fellesrådet
- Personalansvar for fellesrådet sine tilsette
- Ansvar for økonomistyring og administrasjon
- Ansvarleg for drift av fem kyrkjer og fem gravplassar
- Igangsetting og oppfølging av prosjekt knytt til vedlikehald av bygg og gravplassar
- Plan- og strategiarbeid
Kyrkjeverja skal vere ein synleg representant for fellesrådet og bidra til dialog og samarbeid med kommunen, prestane, prost, bispedømmeråd, sokneråd og andre relevante organisasjonar.
Vi søkjer ein samlande leiar. Du må vere ein løysingsorientert, ryddig, motiverande og trygg leiar. Erfaring med økonomistyring og drift kombinert med gjennomføringsevne vil bli vektlagt.
Du bør ha kunnskap om offentleg forvaltning og kyrkjeleg verksemd. Du må dessutan ha engasjement for kyrkja sitt samfunnsoppdrag.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Ei variert og utfordrande leiarstilling
- Lønn etter avtale
- God pensjonsordning
- Tilbod om kurs og leiarutvikling gjennom KA
- Prøvetid på 6 mnd
Spørsmål om stillinga kan rettast
Leiar av Vestnes kyrkjelege fellesråd; Thor Ringsby tlf 957 26965 eller kyrkjeverje Olav Egil Tomren, tlf 916 29416
Søknad med cv kan sendast til olav.tomren@vestnes.kommune.no
Søknadsfrist 10.03.2025