Salme 5
Gjer døri høg, gjer porten vid! T: Georg Weissel 1623 O: N.J. Holm 1829 / M.B. Landstad 1861 (B). Elias Blix 1875 (N). M: Louis Bourgeois, Genève 1551.
Kari Nakken har valt denne salma: "No i adventstida blir det -gjer døra høg, gjer porten vid. Ein innhaldsrik salme som seier mykje om kor viktig det er å opne livet vårt for han som kom den første jula".
Gjer døri høg, gjer porten vid!*
Sjå Kristus, kongen, til deg rid!
Han råder over alle land
og er all heimsens Frelsar sann.
Rettferdig kjem han til deg ned
og byd deg sæle, liv og fred.
Stillferdig kjem han, utan krav,
og miskunn er hans kongestav.
Han ropar ut eit nådens år.
Vår naud ved han ein ende får.
Og difor røyster utan tal
med lovsang honom møta skal.
Å sælt det land, det hus, den gard
som denne drott til herre har!
Ja, sælt det hjarta og det sinn
der denne kongen no stig inn!
Han er den sanne gledesol
som lyser frå Guds nådestol.
Ved dette ljoset bjart og klårt
det dagast må i hjarta vårt.
Gjer døri høg, riv stengsla ned
og inn til deg din konge bed!
Då kjem han til deg mild og sterk
og fremjar i deg alt Guds verk.
Mi hjartedør eg opnar deg!
Å Jesus, stig du inn til meg!
Og lat meg her den nåde få
at eg din milde hug kan sjå.
Ja, ved din Ande slik meg før,
eg dagleg opnar deg mi dør,
så du kan alltid bu i meg,
og eg kan evig lova deg!
Tilbake