Vestnes kyrkjelege fellesråd har sendt forslag til forskrift om gravplassvedtekter for Vestnes kommune ut på høyring. Forslaget omfattar oppdatering av dei tidlegare vedtektene i tråd med gjeldande regelverk og lokale forhold ved gravplassane i kommunen. Høyringsfrist er 10. august 2026.
Vestnes kyrkjelege fellesråd har sendt forslag til forskrift om gravplassvedtekter for Vestnes kommune ut på høyring.
Bakgrunnen for revisjonen er behovet for å oppdatere dei tidlegare gravplassvedtektene slik at dei er i tråd med gjeldande regelverk, dagens praksis og lokale forhold ved gravplassane i kommunen. Revisjonen omfattar også nødvendige tillegg om namna minnelund, slik at gravforma kan takast i bruk.
Ei sentral endring i forslaget er at enkelte område blir stengde for kistegravlegging, fordi tilhøva i grunnen eller gravstorleiken gjer dette nødvendig. Områda kan framleis nyttast til urnegraver. Vestnes kommune har framleis særs god kapasitet på graver.
For dei fleste innbyggjarar vil endringa ikkje ha praktisk betydning. Forslaget kan likevel få betydning for grav der det er ønske om framtidig kistegravlegging i område som er foreslått stengde. Som unntak frå stenginga kan grav som allereie er sett av til ektefelle eller tilsvarande nær relasjon, likevel nyttast til kistegravlegging.
Alle kan nytte seg av høvet til å kome med høyringssvar.
Høyringsfrist er 10. august 2026.
Vedlegg:
Høyringsbrev
Forslag til forskrift om gravplassvedtekter for Vestnes kommune – høyringsutkast
Kart over område foreslått stengde for kistegravlegging
Høyringssvar kan sendast til kyrkjeverge Hege Haugen på e-post:
hege.haugen@vestnes.kommune.no