Opning av namna minnelund


Opning av namna minnelund


Den namna minnelunden på gravplassen ved Vestnes kyrkje opnar søndag 1. november. Her blir det lagt til rette for urnegraver i eit felles, livssynsnøytralt område

Søndag 1. november opnar den namna minnelunden på gravplassen ved Vestnes kyrkje

Minnelunden er eit nytt tilbod for urnegraver, for dei som ønskjer ei grav med namn utan ansvar for eige gravstell. Området er livssynsnøytralt og kan nyttast av alle.

Opninga blir om lag kl. 14.00 og er ei eiga, livssynsnøytral markering. Etterpå inviterer vi til kaffi og kake i Vestnes kyrkje, med musikalske innslag frå Britt Elise Skram og Kristina Farstad Bjørdal.

Det er minnegudsteneste i kyrkja kl. 13.00 for dei som ønskjer å delta.

Alle er velkomne.

Tilbake