Vigsel


Et brudepar som holder hender.


Ønskjer de å gifta dykk i ei av Vestnes sine kyrkjer? Ta kontakt med kyrkjekontoret for avtale! 94162548.

Å inngå ekteskap eller vigsel er ei offentleg handling som kan skje borgarleg eller kyrkjeleg. Ein godkjend vigselsperson skal erklære at ekteskapet er gydlig. Brudefolket kan vere unge eller godt vaksne. Det kan vere stort eller lite bryllaup. Dei kan feire dagen med familie, slekt og venner. Dei kan sei ja til kvarandre med berre prest og forlovarar til stades.

I kyrkja vert livet lagt fram for Gud med bøn om velsigning. Alle par som har gifta seg borgarleg er velkomne til kyrkja for å be om forbøn for samlivet.

Ta kontakt i god tid. For å avklare seremoni og musikalsk innhald må også prest og kantor kontaktast.

Dersom solister har behov for akkompaniement må det leverast noter med besifring i rett toneart til kantor seinast 8 veker før. Det gis akkompaniement til maks to musikkinslag. Ønsker ein fleire innslag må ein ha eigne musikarar.

Ved behov for bruk av kyrkjas eget lydanlegg må kyrkjetenar kontaktas. For eventuelt ytterlige opplysninger kontaktes kyrkjeverge på tlf: 91629416. 

 

Aktuelle lenkjer:

Viktige skjema - Den norske kirke (kirken.no)