Dåp


Dåpen er ein av dei store dagane i familien. Dåpsdagen er ei markering og feiring av barnet som er fødd. Men den er litt meir. Dåp er eitt av dei to sakramenta til kyrkja. Det er ei heilag handling kyrkja utfører på oppdrag frå Jesus.

Spebarn iført dåpskjole.

Å døype eit barn er å la barnet få ei gåve frå Gud samstundes som vi overlet den vesle i Guds hender. Kyrkja, fadrane og foreldrene tek saman på seg oppgåva å syta for at barnet lærer den kristne tru å kjenna når det veks opp.
 

Dåp i kyrkjelydane i Vestnes: Dåp meldast inn til kyrkjekontoret der foreldra bur, og ein gjer avtale om ein søndag det er dåp.

Ta kontakt på tlf: 94 16 25 48 eller mail: reidun.blo@vestnes.kommune.no om de ønskjer dåp i kyrkjelydane i Vestnes kommune.

Presten gjer avtale om ein samtale med dåpsforeldra ei tid før dåpen. Dette gjeld også dersom barnet skal døypast i anna kyrkje. Ein må då i tillegg gjere avtale med denne kyrkja.

Til samtalen må ein ha med fødselsattest. Ein må ha minimum 2 og maksimum 6 faddarar.